Vedtekter for Lurkarlaget

Lurkarlaget (Org.nr.999222528) vart oppretta tysdag 19. november 1991.

§1 Namn

Organisasjonen sitt namn er Lurkarlaget.

§2 Føremål

Lurkarlaget har som føremål å vera eit sosialt samlingspunkt for studentar innanfor skikøyring, snøbrettkøyring, skigåing, brevandring, terrengsykling, klatring og andre friluftsaktivitetar på alle nivå.  

Lurkarlaget skal kvart år ta sikte på å tilby kurs i skredlære (skredkurs) og klatring (brattkortkurs). Andre kurs som tek sikte på Lurkarlaget sine aktivitetar arrangeras etter behov og vurderas av sittande styre.

§3 Medlemskap og kontingent

Alle studentar med gyldig studentbevis, samt tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, kan verte medlem av organisasjonen. Andre som ynskjer medlemskap må sende skriftleg søknad til sittande styre.

Medlemskontingent skal betalas kvart år. Storleiken på denne vert fastsett på generalforsamlinga. For å endre medlemskontingenten må det vera to tredelar fleirtal blant møtte medlem i generalforsamlinga.

Internasjonale studentar betalar halv pris av gjeldande kontingentsats for å verte medlem.

Tidlegare medlem av Lurkarlaget sitt styre, samt sittande styrer i andre studentorganisasjonar ved HVL, region nord, har automatisk kontingentfri medlemsstatus.

§4 Brot og ulovlege forhold

Det skal ikkje fremjast krenkande eller rasistiske handlingar i Lurkarlaget. Ved brot på dette eller andre føresegner har styret rett til å ekskludere vedkommande personar.

Sittande styre skal vurdere i kva slags grad ekskluderinga gjeld. Det kan vera midlertidig eller permanent, og gjelde alle eller enkelte arrangement.

Styret pliktar å melde ulovlege forhold til Politiet. Dette inneber bruk av ulovlege rusmidlar, grov vald og andre forhold. Ved mistanke om, og i saker der det ikkje er klare bevis, pliktar styret og rådgjeve seg med Politiet. Dette gjeld særleg i saker som seksuell trakassering.

§5 Generalforsamling

Generalforsamlinga er Lurkarlaget sitt høgaste organ. Denne skal haldas i mars/april kvart år.

Alle som ynskjer har rett til å møte på generalforsamlinga til Lurkarlaget. Gyldig medlemskap er naudsynt for å få tale-, forslag- og stemmerett.

Ved alminneleg fleirtal i forsamlinga, kan talerett innvilgast til personar som ikkje er medlem i Lurkarlaget dersom dei ynskjer dette.

Alle medlem skal kallas inn til generalforsamlinga per mail. Innkallinga skal sendas ut seinast to veker i forkant av møtet. Sakspapir med rekneskap skal leggjast ved i innkallinga.  

Generalforsamlinga skal innehalde følgjande punkt:

    • Godkjenning av innkalling og saksliste.
    • Val av møteleiar, referent og to personar til å signere referat av møtet.
    • Årsmelding
    • Rekneskap for perioden som har gått.
    • Regulering av kontingentsats.
    • Eventuelle endringar av vedtekter.
    • Val av nytt styre.

§6 Ekstraordinær generalforsamling

Dersom det oppstår ein spesiell situasjon som styret eller medlem vil at alle skal ta stilling til, skal det kallas inn til ekstraordinær generalforsamling.

Det ekstraordinære møtet skal utelukkande behandle den aktuelle saka. Dømer på slike saker kan vera val av nytt styre eller endring av vedtekter.

For at det skal kallas inn til ekstraordinær generalforsamling må det vera to tredjedels fleirtal i styret eller 15% av medlemsmassen som ynskjer dette.

§7 Styret

Styret til Lurkarlaget skal vera samansett av:

    • Styreleiar
    • Nestleiar
    • Økonomiansvarleg
    • Utstyrsansvarleg
    • Kommunikasjonsansvarleg
    • HMT og medlemsansvarleg
    • Aktivitetsansvarleg
    • Arrangementansvarleg  

§8 Styret sine oppgåver

Styret skal etter beste evne leie Lurkarlaget innanfor dei rammene som er gitt av vedtektene, budsjett og andre eventuelle styringsdokument.

Styret skal konstituere seg på fyrste styremøte etter generalforsamlinga.

Styret pliktar å informere deltakarar om risikoen som følgjer ved dei ulike aktivitetane dei arrangerer.

Dersom styret ser det naudsynt kan dei opprette ulike ressursgrupper. Slike grupper er midlertidige og jobbar mot spesifikke mål på instruks frå styret. I tillegg til dette kan styret opprette undergrupper som er meir permanente enn ressursgruppene. Desse kan i større grad få spelerom frå styret og jobbe meir sjølvstendig.

Styret skal velje ein valkomité som innstiller til val av nytt styre ved neste generalforsamling. Valkomiteen kan ikkje stille til val og skal vera samansett av eit avtroppande styremedlem, eit aktivt medlem frå Lurkarlaget og eit styremedlem frå ein anna studentorganisasjon ved HVL, region nord.

Styret skal kalle inn til generalforsamling.

Styret skal etter beste evne bevare mogelegheita til å oppleve urørt natur for framtidige generasjonar. Dette inneber at organisasjonen skal tre fram som miljøbevisste og dertil følgje sporlaus ferding-prinsippet.

Styret vel ein vald revisor. Dette skjer ved fleirtal i styret. Dersom det vert likt stemmeresultat skal det stemmas igjen. Ved likt valresultat etter andre avstemming er det styret sin leiar som avgjer valet.

Dersom eit medlem går ut av styret eller valkomiteen før funksjonstida sin utgang kan styret peika ut eit anna medlem som fungerar fram til neste generalforsamling. Styret skal rådføre seg med valkommiteen.

§9 Økonomi

Vald revisor har som oppgåve å sjå over årsregnskap og utarbeide ein revisjonsmelding.

Vedtak som involverer økonomi er ikkje gyldige dersom dei ikkje har dekning i budsjettet.

Økonomiansvarleg har signaturfullmakt i formelle saker.

Rekneskap skal føras etter kontantprinsippet for kvart semester (haust og vår). Dette inneber at økonomiansvarleg avsluttar rekneskap for begge periodane.  

§10 Andre organisasjonar

Lurkarlaget skal samarbeide med andre organisasjonar dersom det er relevant med føremålet til organisasjonen.

Lurkarlaget er ein sjølvstendig organisasjon med generalforsamlinga som øvste mynde. Dette inneber at høver som kan endre dette forholdet skal handsamast på generalforsamlinga.

Dersom Lurkarlaget skal fusjonere eller verte underlagt andre organisasjonar må det vera to tredelar fleirtal i generalforsamlinga.

§11 Oppløysing av organisasjonen

Oppløysing av organisasjonen skal handsamast på generalforsamlinga. Vedtak om oppløysing krev to tredjedels fleirtal. Ved eit slikt høve skal det kallas inn til ekstraordinær generalforsamling tre månader seinare. For at vedtaket skal vera gjeldande må vedtaket gjentakast på nytt med to tredelar fleirtal.

Ved oppløysing av organisjasjonen pliktar sitjande styre å finne ei løysing som gjer at midlar og utstyr på nytt kjem studentane til gode. Dersom dette let seg gjere, blir det gjort i samarbeid med AU-representantar frå region nord og regionrådet.

Close Menu